Kva håp er?
1. juni 2016|
Livslyrikk: Marita Bjørke Ådland har skrive eit dikt med utgangspunkt i tema for Sommarstemnet 2016, «Framtid og håp». Marita, Tibetaneren sin husdiktar, er prest i Slemmestad, mor til tre, medlem i landsstyret og glad i å skriva.
Kva håp er?
Ein overfylt båt full av framtidsdraumar.
Eit lite barn som tar sine første skritt.
Ein knopp på ein blom.
Ei natt som går mot dag.
Kva framtid er?
Å stiga i land frå båten.
Å gå dit ein drøymde om.
Å falda seg ut i full blom.
Å vakna til ein ny morgon med fuglar som syng.
Håpet ber oss inn i framtida.
Framtida ber oss inn i eit håp.