Der alle ting tek til

Side 16 Sak 2 Livslyrikk_Bilde MaritaLivslyrikk: Marita Bjørke Ådland er prest i Slemmestad, mor til tre og glad i å skriva. Ho er Tibetaneren sin husdiktar. Ho har skrive eit seinsommardikt.

 

Der alle ting tek til

Seinsommarens sløve soldagar
smyg seg sakte
innunder hud og tanke
så seinhaustens snikande kulde
ikkje skal ta bustad i oss for godt
men berre minna oss om at
det fine med livet er at av og til
er det slik
og av og til slik
og seinsommarsola
den skal bu i oss
heilt til vårsola varmar igjen,
inst i hjartet
der alle ting tek til.