Det er menneske det gjeld

Ragnhild og Tore Skeie

– Me er begge utruleg takksame for alle dei åra me har budd i Nepal, seier Ragnhild og Tore Skeie. Dei avslutta i fjor ei teneste på totalt 17 år for HimalPartner i Nepal. – Det har vore eit stort privilegium, seier dei og takkar alle som har bore dei i bøn.

Tekst: Terje Holmedahl
Foto: HimalPartners arkiv

I 2008 var familien Skeie i Nepal for å leite opp att barndomsminne for borna. Etter turen takka alle fire borna for at dei fekk koma attende og for oppveksten i Nepal.
– For oss blei det også ein stor takk, seier Ragnhild og Tore Skeie. Vi veit at det ikkje er sjølvsagt at borna har opplevd det slik. Etter kvart har vi fått tre barneborn og eitt til er på veg.

Ragnhild på gataDhulikhel i 2009
Året etter, i 2009, fekk Ragnhild og Tore ei ny utfordring om å reise til Nepal for HimalPartner, denne gongen til Dhulikhel. Tore arbeidde i ei delt stilling som landkoordinator for HimalPartner og med undervisning og prosjektarbeid på Kathmandu University. Ragnhild var engasjert i lokalsamfunnet i Dhulikhel, m.a. med handikappa born, støtte av eit gardsturisme-prosjekt, kvinner som produserer kort og den lokale kyrkja, i tillegg til mange samtalar med folk. Ho hadde og ansvar for informasjonsarbeid til Tibetaneren.

Fann Nepal på kartet
Det heile starta i 1978 då Tore fekk eit stipend frå KRIA (Kristne Ingeniører og Arkitekters forening).
– Me måtte leite opp Nepal på kartet, seier Ragnhild. Då Tore reiste, skulle han vera i to månader. Ragnhild kom etter på tre vekers ferie. Opphaldet sette spor.
– I påska 1981 kom det brev frå Odd Hoftun om at det var bruk for oss i Nepal, til Andhikhola-prosjektet. Tore vart oppfordra til å seie opp jobben og kome så snart som mogeleg. I januar 1982 var me på plass i Butwal i lag med dotter vår på 2 år. Dette var starten. Til saman har det vorte 17 års teneste i Nepal for ekteparet.

Visjon å byggja menneske
Dei budde i Butwal fram til sommaren 1985. Tore jobba på designkontoret på industrisenteret Butwal Technical Institute (BTI). Etter tre år i Noreg, drog dei attende til Nepal i 1988, no med tre born. Etter ½ år i Andhikhola, blei Tore bedt om å ta over leiarskapet i entreprenørselskapet Himal Hydro, med base i Kathmandu. Frå 1994 til 1998 var Tore tilsett i Statkraft som områdesjef for Nepal, og var engasjert i den fyrste kraftverkbygginga som Statkraft hadde utanom Norge (Khimti).

– Det har vore inspirerande å sjå folk i Nepal reise seg frå fattigdom og skape eit verdig liv for seg og sine. Me har sett menneske få nytt håp som driv dei framover, trass fattigdom og utfordringar. Evangeliet har vore berebjelken i arbeidet vårt, og visjonen har vore å byggja menneske.

field teamSkapar endring
På KU har Tore møtt ein sterk visjon om å byggja landet og bidra til at kunnskap vert omsett til utvikling for folk. Dhulikhel er eit døme på lokalsamfunn med fleire kraftfulle personar som har lagt ned sjela si for å skapa endring.
– Det har vore både utfordrande og interessant å leva nært på folk med verdsbilete og livssyn så ulikt vårt eige – hinduar, buddhistar, kristne og «sekulære», seier Ragnhild

– Me har mange vener med sterke historier. Somme har hatt sterke møte med Jesus, brote med tradisjonar, blitt utstøytt frå familien, site i fengsel for si tru, opplevd helbreding og totalt ny livsretning. Deira forteljing om håp og tru har også vore til stor inspirasjon for oss. Gjennom alt det praktiske me har vore engasjerte med i misjonen, har desse hjelpt oss å halda fokus på at det er menneske det gjeld.
Andre har sleppt oss innafor private dører, delt trua si, delt venskap og inspirasjon gjennom sine liv. Det er med stor respekt og takksemd me ber med oss desse historiene!

Vond avskil i 2015
– Me kjende at det var tid for å avslutte tenesta vår i Nepal av ulike grunnar, og avgjerda vart teken i januar 2015. Etter mange år i Nepal har land og folk fått stor plass i hjarta vårt, og det kjennest som vårt andre heimland. Me var så vidt i gang med å førebu avskjed då jordskjelvet i april 2015 snudde opp-ned på alt, og sette livet på vent. Hendinga har påverka oss begge sterkt, om enn ulikt. Ingen av våre nære vener miste livet, men me stod ilag med dei og såg at livsverket deira ramla i grus. Det var ei oppleving som er vanskeleg å setja ord på. Den menneskelege lidinga var så overveldande og me blei brått så hjelpelaust små. Kaos, naud, usikkerhet, behov for hjelp og å ta vare på andre og seg sjølv overskygga alt anna.

Bhattedanda Women's cooperation– Det var med sterke kjensler og mange bilete av vener i fortviling me reiste til Noreg. Avskil med dei ein er glad i er alltid vondt. Denne gongen var det spesielt vondt, og mange fekk me heller ikkje treffa fordi dei var på leit etter familie eller var ute på hjelpeoppdrag.

Biletet: Kvinnekooperativet i Bhattedanda, Dhulikhel var svært viktige for Ragnhild og Tore. Fulmaya, med geitekillingen i armane, seier Ragnhild har vore ein svært god mentor i det utviklingsarbeidet ho har leia.

Gjenreisinga gjekk sakte
Tore reiste tilbake til Nepal etter eit par veker i Noreg og opplevde at det var ein gryande optimisme, og ikkje minst iver, blant unge etter å gjenreisa landet. Smilet var tilbake, sjølv om dei aller fleste var prega av utryggleik fordi jorda stadig var i rørsle. Livet var på veg tilbake til det vante.
Ragnhild bar på mange vonde bilete og kjende på at det var viktig å reisa tilbake for å treffa folk, særleg i Dhulikhel der ho opplevde skjelva saman med naboar og andre i lokalmiljøet. Det var også naudsynt for å bli kvitt litt av skjelvinga som sat så fast i kroppen. Turen i november var likevel ei blanda oppleving.

– Me hadde vona at gjenoppbygginga var i full gong, men handelsblokade på grensa til India hadde lamma samfunnet. Folk hadde meir enn nok med å overleva. Regjeringa hadde heller ikkje klart å få på plass organisasjon for gjenoppbyggingsarbeidet, heller ikkje fordelt midlar til gjenoppbygging slik folk var lova.
Me hadde mange klager til Gud på vegne av venene våre i etterkant av krisene i 2015!

Takksemd
No er Tore tilbake som prosjektleiar i Kvam kommune og driv med barnehage-, skule- og helsebygg. Han er også nestleiar i det lokale indremisjonsarbeidet i bygda. Dei har begge delteke i mange arrangement i lokalområdet og delt erfaringane frå Nepal. Det har vore både krevjande og gjevande på same tid.
Ragnhild har hatt ein del helseutfordringar og er ikkje i jobb. Ho er vel den som kjenner mest på at det tek tid å snu seg mot dagleglivet her i gamlelandet og sleppa taket i det som ligg bak.

– Me er begge utruleg takksame for alle dei åra me har budd i Nepal, og kjenner på det som eit stort privilegium at Tibetmisjonen/HimalPartner har sendt oss ut. Me veit at det er mange som har hugsa oss i bøn og ynskjer å senda ei stor takk til alle dykk. Forbøn er ein utruleg viktig jobb!!