Gjenreis oss
31. oktober 2016|
Livslyrikk: Marita Bjørke Ådland er nett utnemnt til sokneprest i Slemmestad. Ho er mor til tre og glad i å skriva. Inspirert av HimalPartners innsamlingsaksjon «Gjenreis Nepal» har ho skrive eit dikt.
Gjenreis våre kroppar
så vi kan ha blikket utover
Gjenreis våre hjarte
så det blir rom for meir kjærleik der
Gjenreis våre tankar
så vi gir plass til det som utfordrar oss
Gjenreis vårt mot
så vi står opp for vår neste
Gjenreis oss
så vi strekker ut våre hender
og hjelper andre til å reisa seg
Gjenreis oss alle
til eit liv i fridom, kjærleik og glede