Kvinner er annanrangs

kvinner

Mange kvinner slit med mentale helseproblem fordi dei framleis er ”annanrangs” borgarar i Nepal, noko som resulterer i at behova deira ofte blir oversett, seier Nikish Thapa.

Illustrasjonsfoto: Pål Brenne
Tekst: Elisha Shrestha og Ragnhild Skeie

nikishNikish Thapa (bildet) arbeider med kvinner og deira mentale helse. Ho legg til at ei undersøking om «sjukdom og død hos kvinner» i Nepal frå 2008 viste at sjølvmord var den viktigaste årsaka til død blant kvinner i alderen 15 til 49 år.

Under 1% av helsebudsjettet på mental helse
Det har vore ei gradvis aukande bevisstgjering rundt mental helse i Nepal. Ifølge Verdens Helseorganisasjon (WHO) har likevel ikkje den nepalske regjeringa gjeve prioritet til dette området. I 2014-2015 var under 1% av det totale helsebudsjettet retta mot mental helse.
Nepal er av WHO rangert på 7. plass i verda i tal på sjølvmord og vidare på 3. plass når det gjeld sjølvmord blant kvinner i reproduktiv alder, 15-49 år. I Nepal er det mange sosiale stigma rundt mentale lidingar. Det er difor vanskeleg for personar som er ramma, å oppsøkja profesjonell hjelp. Folk med mentale problem strevar i årevis, utan å vita at dette er ein vanleg sjukdom.

Ei rekkje årsaker

SONY DSC

Rupa Chettri (bildet) arbeider som terapeut ved Higher Ground Councelling Center. Ho fortel om dei utfordringane kvinner med mental sjukdom møter i Nepal.
– Fattigdom, analfabetisme, kjønnsdiskriminering, vold i familien og menneskehandel er alle medverkande årsaker til auken i psykiske problem blant kvinner.
Chettri seier at senteret fokuserer på terapi til personar som har vore offer for menneskehandel, seksuelle overgrep og andre traumatiske opplevingar.

Kartleggja og tilby terapi
Nikish Thapa, som og arbeider i prosjektet, seier at terapi-programmet har ført til at kvinner som har opplevd menneskehandel og seksuelle overgrep, er blitt tilbakeført til samfunnet, har lært å stola på andre igjen og fått lækte relasjonar.
– Prosjektet har som mål å kartleggja den mentale helse- situasjonen, inkludert angst, depresjon og post-traumatiske stresslidingar hjå kvinnelege offer for menneskehandel eller andre overgrep, og tilby dei terapi, seier Thapa.

Negative assosiasjonar
Rupa Chettri fortel at den vanlegaste utfordringa for klientane er å godta det faktum at dei treng profesjonell hjelp.
– Terapi er ikkje vanleg i nepali kontekst og ordet gir ofte negative assosiasjonar. Som følgje av dette er det få som ynskjer å oppsøkja terapeut, og om dei gjer det, er det ofte vanskeleg å oppnå gjensidig tillit. Rupa føler at den største utfordringa hennar som terapeut, er å utvikla gode relasjonar til klientane og å hjelpa dei til å forstå skilnaden på psykiatri, psykososial rådgjeving og allmenn legehjelp.
– Eg prøver å skapa tillit og få dei til å kjenna seg vel. Då fyrst kan dei snakka om problema sine og er tydeleg meir avslappa når dei går, seier Rupa.

Vart kvitt sjølvmordstankane
Då «Rita» (21) kom til senteret hadde ho sjølvmordstankar og følte seg verdlaus.
Terapeuten snakka med henne, presenterte terapi-opplegget, og fekk forklart at målet var å hjelpa henne til å hjelpa seg sjølv.
– Dei fyrste to timane blei det brukt ein terapiform kalla EMDR (Eye Movement Desensitization and Reprocessing), forklarer Nikish. Deretter jobba vi med hennar eigne positive ressursar. Og ho fekk «heimelekse». Kvar gong ho kom attende, såg ho betre ut. Etter seks behandlingar blei ho spurt om ho framleis streva med sjølvmordstankar. Svaret var eit tydeleg: ”Nei.”
– Vi snakka om at det behandlingsopplegget ho hadde vore gjennom, var som å gå til sjukehus for å bli operert for kreft. Ho kjende seg bra no, men vi åtvara om at små tilbakefall truleg ville koma. Då ville det bli viktig for henne å ta i bruk dei verktøya ho hadde fått for å ta vare på seg sjølv.
Ho reiste tilbake til skulen sin, tydeleg glad. Sidan ho bur langt vekke, held ho kontakt med oss over telefon om ho har trong for det.

Traumatisert etter jordskjelvet
«Rima», ei anna yngre kvinne, blei tilvist til senteret etter jordskjelvet. Ho hadde mista mora i skjelvet og var tydeleg traumatisert. Ho hadde problem med korttidsminnet og viste teikn til nervøst samanbrot. Då ho kom til Katmandu, hadde ho ikkje forsona seg med tapet av mora. Terapeuten starta med EMDR-behandling. Ho fekk nokre praktiske øvingar. I tillegg fekk familien råd om korleis dei kunne hjelpa henne til å jobba med traumet. Etter 4 – 5 behandlingar var ho tilbake til det normale og familien kom ilag med henne for å møta terapeuten og takka for hjelpa. Det var ei stor glede å sjå det lysande smilet i ansiktet hennar.

Bevisstgjering
I tillegg til terapiprogrammet fokuserer prosjektet også på bevisstgjering rundt menneskehandel, seksuelle overgrep og mobbing. Målet er å hindra at dette skjer.
– Gjennom eit nettverk kalla ”Mukti” prøver vi å arrangere kurs for kyrkjene i handtering av overgrepssaker. Vi arbeider også med ungdom der vi tek opp tema som det å vera i eit forhold, overgrep og gjennom bruk av verkelege historier, også om menneskehandel, fortel Rupa.
– Mange kyrkjer ber terapi-teamet om å koma på besøk for å fortelja om menneskehandel og undervisa om korleis ein kan hindra dette.