Vedavågen Tibetmisjon – 40 år

Kvinner

– No slår vi ut håret og drar på jubileumstur til Hermon, seier Sissel Simonsen. Ho leier Vedavågen Tibetmisjonsforening på Karmøy, som er 40 år i år. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Dei er åtte damer i alderen 47 til 68 som møtest kvar tredje veke til møte. På desembermøtet, som er på bedehuset er ofte Anne Therese og Asbjørn Ness med, men og andre har besøkt dei.
Ein gong i året, i mai, har dei basar. I år fekk dei inn 36.000 kroner.
– Eg skal i banken i dag og senda 47.000 kroner til dykk, seier Sissel på telefonen.
I september tek dei turen til Hermon ved Hallingskarvet der dei skal nyta fjellet i fem dagar og feire førti år i lag.

HimalPartner gratulerar og takkar for trufast teneste så langt!